Familiekonserten i Hareidhallen laurdagen var omtrent som ein mini-Hareidsstemnefest og viste fram mykje av det beste Hareid har å by på. Her var kor, korps, musikarar og mykje flott underhaldninga. Den nye maskoten, Hareidsrampen, var sjølvsagt også til stades og gjorde sitt for å lage god stemning.