Styret i Helse Møre og Romsdal har vedteke at tilbodet skal flyttast frå Mork til Ålesund.

– Eg veit godt kva Mork står for, så dette måtte eg berre engasjere meg i, seier Brandal i ei pressemelding frå gruppa som arrangerer fakkeltog torsdag 26. januar.

Det er også foreslått å sommarstenge fødeavdelinga i Volda, det skal styret i Helse Møre og Romsdal diskutere på møtet 1. februar.

– Dette må stansast, eller i det minste utsetjast, seier planleggingsgruppa for fakkeltoget. Dei ber folk på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, og alle andre som er opptekne av dette, stille opp for å vise motstand.

I tillegg til fakkeltoget, der det blir appellar frå stortingsrepresentantar, brukarar og ordførar, vert det også arrangert ein støttekonsert på Tredet i Volda laurdag 28. januar.