Arrangørane skriv dette om denne utgåva av Psykolgotimen:

«Mange har ein illusjon om at jula skal vere så perfekt! Ein idyll av ro, sprø juleribbe, julemusikk, fyr i peisen og eit strøkent hus, glitrande av allverdens julepynt. Vi gjer det mest for å glede våre dyrebare små, men samtidig vil også vi vaksne kjenne på den optimale julestemninga og den gode tradisjonen.

Men for dei fleste av oss er realiteten ein heilt annan, og jula blir gjerne litt midt på treet, mellom det perfekte og uperfekte. Noko blir veldig koselig, heilt fantastisk faktisk, medan andre ting mindre bra, litt kjedelig, meiningslaust og kanskje trist og sårt.

Jula, og høgtid generelt, er fylt med mykje følelsar. Og for mange meir enn andre. Nokon har mista nokon, nokon er åleine, nokon saknar dei som ikkje bur heime, det er stress, økonomiske problem og andre utfordringar.

Margit kan mykje om dette. Både om juleglede og julesorg, og saman med kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust blir dette ein fin samtale om kva vi best bør fokusere på for å få ei så fin juletid som mogleg, alt etter kvar ein er i livet»

Psykologtimen går på Ulstein Bibliotek onsdag frå 20.00. Sendinga kan du også sjå her på Vikebladet.no