- Det er jo fantastisk å vekse ut av ei kyrkje, sa prosjektleiar Margrethe Lund i Snøhetta til dei mange frammøtte i Ulstein kyrkje torsdag kveld.

Kyrkjeverje Christfried Kaul var programleiar for kvelden, og etter ein presentasjon av kunstkomiteen frå medlem og sokneprest Margit Lovise Holte var det klart for presentasjonen til arkitektane frå Snøhetta. Denne kunstkomiteen skal jobbe med utsmykking av kyrkja. Det var nemleg det verdskjende arkitektfirmaet som vann konkurransen om å få teikne nye Ulstein kyrkje, eller den nye arbeidskyrkja. Snøhetta er mellom anna kjende for å teikne det nye biblioteket i Alexandria, Egypt, men også operabygget i Bjørvika i Oslo.

- Vi visste jo ikkje at det var Snøhetta som hadde teikna dette forslaget då vi gjekk for det, men blei sjølvsagt positivt overraska då vi fann det ut. Det blir jo ein bonus for oss når vi veit kva dei har stått for tidlegare. Dette blir eit landemerke for Ulstein kommune, og som vil setje byen ytterlegare på kartet. Det vil gjere det meir attraktivt å bu i Ulsteinvik også, seier Christfried Kaul.

103 millionar kroner

Heilt mot slutten av presentasjonen kunne arkitekt og prosjektleiar for Snøhetta, Margethe Lund, presentere kalkylen eit eksternt firma har gjort på oppdrag frå dei og Ulstein sokn.

- Vi har samarbeidd med eit firma som har gjort kostnadsrekningar for oss. Etter at vi var ferdig med skisseprosjektet, har vi gått nokre ytterlegare rundar. Gjennom heile prosjekteringa har vi vore medvitne kring kostnader. Etter at prosjektet var ferdig har vi gått gjennom optimaliseringar for å få ned kostnadane. Den siste kalkylen vi har er på rett i underkant av 103 millionar kroner, fortalde Lund og la til:

- Dette er ein totalpris, der byggjekostnadane er på rundt rekna 85 millionar kroner. Då er den resterande kostnadsramma som er lagt til, med tanke på eventuelle tillegg og kostnadar som kan forventast å kome. Vi er framleis på eit veldig tidleg stadium, men ved hjelp av mange dyktige konsulentar er det dette kostnadsnivået det vi trur vi vil lande på. Vi vil uansett sjå vidare på om vi kan optimalisere ytterlegare.

Christfried Kaul fortel at 6,3 millionar kroner er sett av til forventa tillegg som vil måtte gjerast undervegs, medan 7,2 millionar kroner er sett av til ei usikkerheitsavsetting. Om ein trekkjer frå dette frå kostnadsramma får ein 89 millionar kroner, og dette er byggjekostnaden pluss spesielle kostnadar.

- Dette er ei kostnadsramme vi meiner er robust og realistisk, og som vi ønskjer å gå vidare med, seier Kaul.

Innsamling og støtte

Fordi dette blir eit særs miljøvennleg bygg, både med tanke på material og tekniske løysingar og utformingar, har prosjektet som kjent fått 3 millionar kroner i støtte frå Miljødirektoratet.

- Det er ein honnør til eit godt arbeid som er gjort av Snøhetta, og til ei kyrkje som ikkje berre skal stå lenge, men som heller ikkje gjer noko negativt med verda vi lever i. Vi går vidare med ein konstruksjon som kanskje enkelte vil seie blir dyrare enn naudsynt, men vi får eit bygg av ein kvalitet som gjer at det vil kunne nyttast av fleire generasjonar framover, seier Christfried Kaul som fortel at det per i dag er over 100 personar som har meldt seg som "Kyrkjebyggar i vår tid", og som anten har gitt eit enkeltbeløp eller som har teikna seg som givarar i opp til 10 år framover.