Han har laga eit eige framlegg til vedtak der han seier at fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne ikkje støttar ei samlokalisering og samordning av Snoezelentilboda på Reiten og Holsekerdalen. Dette med bakgrunn i saksutgreiinga til rådmannen, tidlegare synfaring på Reiten og Holsekerdalen og innspel frå foreldre og føresette.

Kaldhol er ikkje samd i det rådmannen skriv om at dei to tilboda på Reiten og Holsekerdalen er likeverdige. Berre forskjell i kvaliteten på lokala og omgjevnadene er åleine nok til å dokumentere at Reiten er betre enn Holsekerdalen, skriv han. Han viser vidare til at det er mogleg å selje snoezelentenester til andre kommunar.

– Fellesrådet har respekt og forståing for prosessen med omstilling og innsparing i kommunen, men er sterk usamd i at dette må råke snoezelentilbodet. Fellesrådet vil derfor be om at denne konkrete delen av tenestetilbodet i Ulstein kommune vert skjerma og at ein ikkje legg ned tilbodet på Reiten, heiter det i framlegget til vedtak frå Ottar Kaldhol.