(NPK-NTB): Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har forhandla med Landbruksdepartementet om ei krisepakke sidan førre veke.

– Eg er godt fornøgd med at vi er blitt einige om ei løysing som er retta mot dei som er hardast ramma av tørken. Eg meiner det er avgjerande at vi har komme fram til ordningar som gjer at pengane kan komme raskt ut til bonden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.

Norske bønder er blitt hardt ramma av tørken i sommar, og det er venta at det vil komme søknadar om avlingsskadeerstatning på over 1,1 milliardar kroner. Bøndene meinte på si side at avlingsskadeerstatninga ikkje er nok og har kravd ei tilleggsløyving.

– Eg er fornøgd med at eit samla jordbruk no har inngått avtale med staten om ekstra tiltak i samband med handteringa av tørkesituasjonen, seier Småbrukarlagets leiar Merete Furuberg i ei pressemelding.

– Krisepakka er finansiert med omdisponering av 225 millionar kroner frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond og ei tilleggsløyving på 300 millionar kroner som friske middel. Denne pakka kjem i tillegg til dei utbetalingane som følgjer av gjeldande avlingsskadeordning, seier Furuberg.