Det skriv Sunnmørsposten på nett. Refa Group driv med impregnering av nøter til fiskeoppdrett. I dette arbeidet vert det brukt kopparstoff, og Naturvernforbundet meiner at sikringa av kopparstoffet er mangelfull ved at stoffet lett renn ut i sjøen ved anlegget i Herøy. I to år har det vorte stilt spørsmål ved denne verksemda. Bedrifta har, ifølgje Naturvernforbundet, heldt fram utan å gjere noko for å redusere utsleppa sine. Samstundes skal offentlege myndigheiter som kommunen, fylket og Statens forureiningstilsyn (SFT), som skal passe på verksemda ha svikta i oppgåva, ifølgje Naturvernforbundet. Regionsjef i Refa, Per Frøystad, seier til NTB at han ikkje er kjend med at verksemda har vorte meld til politiet, og at han ikkje har høyrd noko om dette frå verken kommunen eller Naturvernforbundet.