Ordførar Hans Gisle Holstad (AP) opplyste at det var selt tilsaman fire tomter i denne perioden - to tomter i Bigset Vest, ei i Melshornlia og ei i Pilskog/Overå-feltet. Hareide opplyste at ho i kommunestyremøtet i mars hadde foreslått å gi 50.000,- kroner i rabatt på dei tomtene som var tilsals - noko som vart nedstemt. I følgje vedtaket den gongen skal kommunen i 2009 hyre ein eigedomsmeklar til å selje reserven av kommunale tomter til høgstbydande - med tilhøyrande honorar. (Inga Ishild Hareide sa den gongen - i følgje Vikebladet Vestposten sitt referat 15/3 - at det var betre å gi husbyggjarane rabatt enn å bruke pengar på konsulentar. Einar Warholm (V) meinte derimot at bruk av meklar var meir effektivt - og han streka under at meklarane ikkje fekk provisjon for dei tomtene dei ikkje greidde å selje.) I Hareide sitt spørsmål vart ordføraren også utfordra til å opplyse kor mykje kommunen hadde tent på å selje tomtene, men dette vart det ikkje gitt noko svar på.