Notar på Sunnmøre er lokalt eigde eigedomsmeklar-selskap, som blir drivne godt, har god likviditet og er marknadsleiande på Sunnmøre. Dei held derfor fram med drifta, heiter det i ei pressemelding. Notar viser til at dei har levert gode resultat på Sunnmøre gjennom sju år. - Det er klart at også vi har fått føle at tidene er tøffare, men i sum presterer faktisk våre tre avdelingar resultat som er opp mot det vi har levert tidlegere år, forklarer André Nakken, dagleg leiar ved Notar Eiendom Søre Sunnmøre AS. Både kontoret i Ålesund, på Moa og i Ulsteinvik (Søre Sunnmøre) går mot gode overskot i 2008, kanskje også mot ein auke i samanlikning med 2007. Grunnlaget for den vidare drifta er så absolutt tilstades, men så lenge Ekko Eiendom, franchisegivar for Notar på Sunnmøre, er konkurs, vil det naturleg nok medføre nokre praktiske endringar, legg Nakken til og opplyser at Ålesund, Moa og Søre Sunnmøre har sin avtale sentralt med Notar. Det betyr at dei tre kontora på Sunnmøre blir drivne vidare som eige aksjeselskap. Det som enno er uklart, er kva “fane” desse kontora vil drive vidare under. Om dette opplyser Nakken at det har vore fleire aktørar på bana, både bankar og investorar som finn Notar-avdelingane interessante, og at fleire alternativ er aktuelle. - Vi står overfor nokre praktiske utfordringar, men kundane våre er trygge - både eksisterande og nye. Vi legg opp til “business as usual”, seier Nakken.

André Nakken, dagleg leiar ved Notar-avdelinga i Ulsteinvik, slår fast at dei driv vidare - trass i at Ekko Eiendom, som sit på rettane til Notar-namnet, er konkurs.