Filmstjerner kan vel ein neppe kalle "Vanylvingane" som har fått vere med i filmen. Poenget er likevel at far Harald Ulvestad frå Syvde eig to av dei tyske bilane, medan nest eldste son hans, Klaus, eig dei fem andre. Til Møre seier Harald Ulvestad at to av bilane som vart brukte i filmen var med på sist sommars rundtur på Sunnmøre. Det var den største samlinga av folkevogner frå krigens dagar som har vore samla i Noreg etter krigen. Den kritikarroste filmen Max Manus har premiere på Sjøborg kino og kulturhus 9. januar.