Beate Hopland Langnes og Ingfrid Grimstad i komiteen, inviterer til loppemarknad på SUFH etter nokre års pause.

Loppemarknadnaden på SUFH var ein kjærkomen tradisjon i den tida folkehøgskulen låg på Reiten, men etter flyttinga til Varleite valde dei tilsette å bruke energien på å få i stand det nye bygget. No ynskjer skulen å få til eit nytt møtepunkt med folk i regionen - og siste laurdagen i oktober blir det opplegg for heile familien i skulen sitt nye, flotte bygg.

- Loppemarknaden vil ikkje bli like stor som tidlegare, men vi håper på å kunne selje diverse krimskrams, møblar, leiker, bøker, sportsutstyr, gardiner, sengetøy og dukar, seier Beate Hopland Langnes og Ingfrid Grimstad i komiteen.

- Vi tek imidlertid ikkje imot klær og sko denne gongen, men det kan bli snakk om auksjon dersom ein får inn nokre godbitar. Loppene kan leverast på skulen. I tillegg til loppemarknaden vil elevane på skulen ha eventyrstund for dei minste - og det vil bli vist film.

Det vil også bli open kafé heile dagen der ein kan kjøpe seg middag, kaker og kaffi. Om ein er heldig kan ein dumpe til å få litt musikk til maten framført av elevane på skulen.

På slutten av dagen blir det ei lita samlingsstund i restauranten for dei som ynskjer å få med nokre ord på vegen. Så no er det berre å setje igang med opprydding i kjellar og på loft. ”Det du ikkje sjølv vil ha, kan gjere nokon andre glad.