I Møre og Romsdal er det om lag 9000 som tek i mot attføringspengar, rehabiliteringspengar eller tidsavgrensa uførestønad. Frå 1. mars blir desse tre stønadsordningane slått saman og gjort om til avklaringspengar. Den nye stønaden tenkjer følgje opp brukarane med ein meir fleksibel bruk av verkemiddel og tiltak, melder Olaug Flø Brekke, som er fylkesdirektør i Nav Møre og Romsdal. Målet med den nye stønaden er å få fleire tilbake i arbeid og aktivitet.

Meldekort

Alle som tek i mot avklaringspengar skal sende inn meldekort til Nav kvar fjortande dag. I meldekortet er det fem spørsmål som skal kryssast av. Nav treng opplysningar om korleis helse eller arbeidsevne utviklar seg. Meldekortet er ein måte å formidle det på. Om du er for sjuk til å sende inn eit slikt kort annakvar veke, kan du få fritak frå denne plikta.

Kontakt ditt lokale kontor

Nav skal ha sendt ut informasjonsbrev til alle stønadsmottakarar som blir rørt av endringa. I tillegg er fleire kontakt på telefon eller bede inn til møte hjå Nav. Om nokre er usikre på korleis dei skal gå fram etter 1. mars, ber fylkesdirektøren dei om å ta kontakt med sitt lokale Nav-kontor.

Olaug Flø Brekke trur det blir enklare å følgje opp stønadsmottakarane når dei må sende inn meldekort kvar fjortande dag der dei svarer på fem ja-nei-spørsmål. (arkivfoto)