Vi har bestilt inn om lag 1600 lusekammar, og desse vil bli gitt til barn og unge i alderen 0-16 år i Ulstein kommune, fortel helsesyster Kristin Meli ved Ulstein Helsestasjon. Ho håpar foreldra vil ta del i den landsomfattande aksjonen til helga, der alle blir oppmoda til å sjekke sine barn og seg sjølv for lus.

Lusfri Noreg

Organisasjonen Lusfri Noreg har teke initiativet til to årlege aksjonar mot hovudlus. Det nyttar ikkje å kjempe kampen mot lus åleine, ein må samarbeide for å få bukt med epidemiane som oppstår, slår helsesystera fast. Ho minner om at dersom alle barna blir kjemma denne helga, og dei som er smitta får behandling, så vil heile landet vere fritt for lus over helga. Då vil det vil bli vanskelege levekår for lusene, noko som hindrar oppblomstring av nye epidemiar i nær framtid. Meli understrekar at det er fullt mogleg å få lus i dag, og barneskulebarn er mest utsett. Lusa hoppar frå hovud til hovud gjennom nærkontakt mellom personar, deling av luer eller hårpynt. Foreldra må ikkje tru at "dette skjer ikkje med min familie", for alle kan få lus, meiner helsesystera.

Sjekk av og til

Foreldra må gjere jobben med å sjekke ungane sine. Bløyt håret, og legg ein kvit handduk over skuldrene før du kjemmer barnet med lusekammen. Då er det lett å sjå om det er lus som ramlar ned. Sjekk også hovudbotnen nøye for luseegg, for lusa legg kapslar med egg heilt inne ved hårrota. Desse kapslane sit fast i håret sjølv etter at egga er klekkja, og vil vekse utover i lag med hårstrået. Slik kan ein finne ut kor lenge eit barn har hatt hovudlus, forklarar Meli. Dersom nokon oppdagar lus ber ho om at dei set i gang behandling med ein gang, og då må dei gå over resten av familien med kammen òg. Smitteutsette gjenstandar og kle kan frysast på minus 20 grader i åtte til ti timar, eller vaskast på 60 grader i fem minutt. Men ho rettar ein åtvarande peikefinger til dei som vert for ivrige i lusejakta: Gi ikkje friske barn behandling for lus! Lusene vert nemleg svært lett motstandsdyktige mot lusemidlane, seier ho.

Alle får kam

Dersom nokon av Ulstein-innbyggarane av ulike grunnar ikkje er på skule eller i barnehage og får kam der, kan dei møte opp på helsestasjonen og få kammen utdelt. I tidlegare tider var det tradisjon for å kjemme ungane sine ofte, men no til dags skjer dette sjeldnare og sjeldnare, peikar helsesystera på. Ho meiner det kan vere lurt å kjemme av og til, for å vere på den sikre sida. Dersom ein familie har fått lus må dei ta ei behandling for å bli kvitt desse. Behandlinga skal gjentas etter ei veke, og helsesystera oppmodar folk til å kjemme håret med lusekammen dagleg i denne perioden, og gjerne av og til dei neste vekene òg Då kan de vere heilt sikre på at lusene er vekk, smiler ho.