Jan Helgøy, ordførar i Vanylven kommune, har på vegner av Vanylven formannskap sendt innbeding til ordføraren og resten av formannskapet i Ulstein kommune.

Han ber inn til eit fellesmøte mellom formannskapa i Ulstein og Vanylven. Aktuelle tema han meiner dei kan diskutere er samferdsel, og då med utgangspunkt i Kystvegen, og dei ulike prosjekta som er i kjømda langs kystlina. Vidare meiner han at situasjonen i verftsindustrien bør vere eit tema av felles interesse.

Helgøy føreslår å halde møtet tysdag 8. juni på rådhuset i Vanylven.