Fjoråret var eit generelt godt kinoår med gode besøkstal også på landsbasis. Kinosjefen forklarer det gode besøkstalet ved Sjøborg kino hovudsakleg med at dei hadde fleire store publikumsfilmar i 2009. I tillegg utvida Sjøborg kino talet på visningar frå 410 til 462 i fjor. Samstundes auka det gjennomsnittlege besøkstalet på framsyningane frå 44 til 55, noko som er svært bra. Også i 2009 er Sjøborg kino den kinoen i fylket som har det høgste besøkstalet i fylket (med unntak av kinoane i Kristiansund, Molde og Ålesund).

Krig og is er populært

Dei to store publikumsvinnarane ved Sjøborg kino i 2009 var "Max Manus" med 2500 besøkjande og "Istid 3" med eit besøkstal på 2250. Tredjeplassen på den lokale "Kinotoppen" gjekk til "Julenatt i Blåfjell". Deretter finn me " Jenta som lekte med ilden"," Harry Potter og Halvblodsprinsen" og "Knerten." Dette viser at barne- og familiefilmane trekkjer eit stort publikum, men også det vaksne publikummet har funne vegen til kinosalen. Det er også hyggjeleg å merke seg at fleire av dei best besøkte filmane er norske filmar. Sjøborg kino hadde over 70 titlar på programmet i fjor, og kinoen har vist alle dei 50 mest sette filmane på landsbasis.

Heile 2500 nytta høvet til å sjå "Max Manus" ved Sjøborg kino.