– Det er kjekt å kunne hjelpe dei som har det vondt, seier Martha Ringstad og Guro Sønnesyn. Dei fortel at det er åtte konfirmantar som går rundt med bøssene, og at dei har fordelt seg på Blåhuset og Amfi Ulsteinvik. Aksjonen er eit framhald av Sunnmøre Folkehøgskule sin aksjon torsdag i denne veka. På ein dag samla elevane ved SUFH inn nærare 31.000 kroner. Guro og Martha fortel at folk gir mykje i dag også.