– Namneendringa kjem som følgje av eit strategisk val om å fokusere endå meir på produkt og systemintegrasjon. Ulstein Power & Control AS har teke mål av seg til å vere ein internasjonal systemintegrator og leverandør av produkt, frå bru til propell, og skal utvikle og forvalte Ulstein System Arcitecture, forklarer administrerande direktør Einar Johansen. Produkt det blir fokusert på er ULSTEIN POWER, ULSTEIN IAS, ULSTEIN PMS, ULSTEIN BRIDGE og Ulstein COM. Alle desse er òg systemintegrasjonsprodukt. Det nye namnet skildrar i større grad kva selskapet fokuserer på i dag, meiner Johansen.

Nytt selskap

Landbasert industriinstallasjon og skipsinstallasjon som før låg under Ulstein Elektro AS er no overført til Ulstein Verft AS, og får namnet Ulstein Elektro Installasjon AS. Dagleg leiar blir HR-sjef i Ulstein Verft, Anne Holstad. Ho skal kombinere båe stillingane. Assisterande dagleg leiar blir Geir Øvrelid.