Det var Sula Mållag som var vertskap for årsmøtet som vart halde på Sunde Fjordhotell. Der møttest 25 utsendingar frå mållaga på Sunnmøre. Årsmøtet vart greitt avvikla i ein optimistisk tone. Den viktigaste saka i året som gjekk, var arbeidet mot framstøyten frå Høgre om å gjere Møre og Romsdal til eit språknøytralt fylke. Med innsats frå mange gode krefter vart det solid fleirtal for at nynorsk framleis skal vere styringsmålet i Møre og Romsdal fylke. Arbeidsprogrammet for 2007 har tre hovudsaker: Lagsbygging, m.a. skiping av mållag i Vanylven, arbeid for nynorsk i lokalt næringsliv og framhald av samarbeidet med Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Målprisen 2007 frå Sunnmøre Mållag vart delt ut til Tussa Kraft. Konsernsjef Elling Dybdal spurde i sin takketale om kva er vel meir naturleg enn å kommunisere på nynorsk? Nynorsk er ein felles streng å spele på. Tussa Kraft har 250 medarbeidarar – også mange med bokmålsbakgrunn eller med utanlandsk bakgrunn. Godt språk er eit mål, og Tussa Kraft har gode rutinar og bruker ressursar for godt språk. Dybdal var svært glad for påskjøninga og sa at målprisen inspirerer til vidare arbeid. Sula Mållag fekk ros for eit godt tilrettelagd årsmøte og for fine kulturinnslag. Ved opninga av årsmøtet vart dei premierte nynorskinnslaga frå Ungdomens kulturmønstring i Sula dei to siste åra framførde. Seinare på dagen tok Olav Budal og Jens Arne Molvær oss med på ei vandring i ord, tonar og bilete - ”Det går an å leva i kvardagen også”. Dei to trollbatt forsamlinga der dei på ein framifrå måte formidla viktige verdiar i eit godt liv. Og etterpå fekk dei to kulturarbeidarane lang og velfortent ståande fagning. Ref.