Lat oss seie nokre ord om ferjesituasjonen på Hareid. Ferjetrafikken går sin skeive gang mellom Hareid og Sulesund. For dei som pendlar har det vore utfordrande dagar. Først ei tid med berre ei ferje. Så går det etter kvart to, men berre ei av dei klarer å halde ruta. Nyleg opplevde eg det som mange har opplevd den siste tida: Eg køyrde til Hareid for å ta ni-ferja; hadde ein avtale på Moa. Men då klokka nærma seg ni, var det inga ferje i sikte. Ho var på andre sida av fjorden og allereie godt ute av rute. Det var inga anna råd enn å gripe telefonen og gjere om avtalen. For nokre dagar sidan fortalde ein lesar at ho hadde stått på Sulesund og venta - “aldri så lenge”, men då “Røsund” omsider dukka opp, tømde ho seg for bilar og gjorde vendereis med tom buk! Ikkje til å tru - og til stor irritasjon for den veksande bilkøen på Sulesundkaia. Mannskapet har sikkert ei forklaring, men ho er uansett til lita hjelp for irriterte pendlarar. Til Vikebladet Vestposten slår driftssjef Oddvar Rundereim i ferjeselskapet Hurtigruten Group kategorisk fast at dei ikkje evnar å skaffe anna ferje. Alternativet er berre ei ferje. Det er mogleg at Rundereim & co har gjort alt som står i deira makt. Men eg kjenner meg ikkje heilt sikker på det. For det er eit faktum at 2007 er svanesongen til Hurtigruten Group på Sulafjorden. Selskapet har trafikkert Hareid - Sulesund sidan dei vann anbodskonkurransen i 1997, då som reiarlaget TFDS, men frå nyttår er det slutt. Då tar Nor-Ferjer AS over stafettpinnen; Hurtigruten Group har ikkje ein gong levert inn tilbod. Då er kanskje ikkje den tanken så fjern - at dei ikkje vil bruke meir pengar enn høgst nødvendig på ei ferjestrekning som reiarlaget likevel snart seier farvel til. Kva dette har kosta privatpersonar og næringslivet på øyane i forseinkingar, irritasjon og pengar, er det nok ingen som har rekna ut. Men kostar gjer det. I tillegg har det mint oss om kor sårbare vi er med omsyn til kommunikasjonar i eit øysamfunn. Arbeidet med Hareid Fastlandssamband har ikkje blitt mindre aktuelt etter dette. asle.geir@vikebladet.no