Det går an å lære matematikk ved å stikke foten i ein balje full av vatn, lage ei teikning av ein buss ved hjelp av rektangel, sirklar og trekantar, eller lage ein figur etter matematisk omgrep. Slikt er matematikk i praksis, og elevane ved Hasund skule synest det er spennande.
Sivert Haddal og Anna Regione Svendsen Aasen synest det er kjempekjekt å løyse oppgåver ved hjelp av kubikkterningar. Lærar Bodil Grønli synest dei er dyktige.