Statens vegvesen peikar på at strekninga ikkje oppfyller krava frå Vegdirektoratet om å få nedsett fartsgrense. I vegtrafikklova er der to generelle fartsgrenser: 50 km/t som høgste lovlege fart innanfor tettbygd strok og 80 km/t som høgste lovlege fart utanfor tettbygd strok. For særskilt vegstrekning kan regionvegkontoret fastsette særskilt fartsgrense som er lågare enn dei generelle. I søknaden peika Hareid kommune på at strekninga frå Hareid sentrum til Sveneset blir nytta både av gåande og syklande, og at der manglar fortau og/eller gang- og sykkelveg for påkopling til eksisterande gang og sykkelveg i Brandalsstranda. Men Statens vegvesen viser til at fotgjengarar og syklande kan nytte den kommunale vegen (Gamle Brandalsvegen) i byggjefeltet som går parallelt med fylkesvegen, heilt til gang- og sykkelvegen i Brandalsstranda.