Undervass-systema skal leverast i tidsrommet frå 2008 til første kvartal 2009. Kontraktane gjeld levering av to Odim LARS til Olympic Holding, og eit modulhandteringsystem til Bourbon Gaia. Odim LARS er eit automatisert handteringssystem for fjernstyrte undervassfartøy. Dei to systema som det er inngått kontrakt på skal kunne operere på havdjup ned til 4000 meter. Modulhandteringsystemet til Bourbon Gaia skal setje ned modular på inntil 1500 meters havdjup. Alle systema er aktiv løft-kompenserte og velkjent teknologi for Odim.