Blåtinden barnehage i Haddal vart teken i bruk i desember, men den offisielle opninga skjedde først på laurdag. Borna i barnehagen og foreldra deira var inviterte til å ta del i seremonien og festen etterpå. Det var femårsgruppa ved barnehagen som fekk det ærefulle oppdraget å klippe over snora og høgtideleg erklære Blåtinden barnehage for offisielt opna. Deretter var ikkje vegen lang inn i barnehagen, som ligg fint til i skogen bak Haddal skule og grendahus. Her vart det blomeoverrekkingar og utdeling av gåver. Mellom anna vart barnehagen overrekt ein gitar frå Haddal danseklubb og eit digitalt fotokamera frå Ulstein Betongindustri. Ulstein Betongindustri, eller "Betongen" som verksemda vert kalla på folkemunne, vart elles takka særskild for velviljen og generøsiteten dei har synt i samband med bygginga av barnehagen, ikkje minst når det gjeld utlån av maskiner og utstyr. Mellom dei andre som fekk takk var foreldra som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få realisert barnehageplanane. Opningsfesten var avslutta med óveting av pølser, gryterett, kaker og anna godt som barnehageforeldra hadde stelt i stand.

Det var femåringane ved barnehagen som fekk oppdraget med å klippe over bandet.