I følgje Dagens Næringsliv er det no tre ulike aktørar som kjempar om Edda Media, men boda vert stadig lågare. Dei tre aktørane skal vere: Berner Gruppen, Polaris Media og A-pressen. Edda Media har 1750 tilsette og ei portefølgje på til saman 49 aviser, deriblant Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten. Låg profil Hittil har Berner Gruppen halde ein låg profil, men konsernet har jobba i fleire månader med å analysere Mecom si verksemd i Norge. Dei har også snakka med ei rekke ulike finansielle aktørar for å få finansiert eit bod på Edda Media, i følgje Dagens Næringsliv. Konsernsjef Tore Stangebye i Berner Gruppen bekreftar overfor DN at dei har gjeve eit bod, men vil ikkje gå nærare inn på dette. Berner Gruppen ser ikkje for seg nokon fusjon mellom dei to selskapa. – Det handlar meir om ei samordning av verksemdene, der vi skal utvikle både Dagbladet og alle Edda – avisene vidare, seier Stangebye til DN. Styremøte 16. desember er det styremøte i Mecom, og då kjem salsprosessen i Noreg til å vere eit viktig tema. Det er venta at dette styremøte vil vere avgjerande for Edda Media sin vidare lagnad.
Nyhende →
Byr to milliardar
Dagbladet – eigar Berner Gruppen har lagt inn eit bod på nærare to milliardar kroner for Mecoms norske mediedivisjon.