Det er avisa "Ukeavisen Ledelse" som står bak kåringa. Avisa har nominert 12 namn til utmerkinga. Mellom desse er Kjell Inge Røkke, Celina Middelfart, Petter Stordalen, Siv Jensen og Kristin Halvorsen. Gunvor Ulstein vart i fjor kåra til "Årets forretningskvinne" - og har no altså sjansen til ein ny tittel. Røystinga på nettet er avslutta, og resultata blir offentleggjorde fredag denne veka, melder Sunnmørsposten.