Syverplassen barnehage var fint pynta til fest. I vindauga hadde borna måla store gule soler, og frå taket hang det pappsoler. På nokre av borda stod det karnevalsris. Barnehageborna var kledde i glade fargar, dei skulle vere blomar. Før festen tok til fekk lokalavisa eit eksklusivt intervju med Sara (6), Ole Gunnar (5) og Emma (4). Sara meinte at mora kom til å få sjokk når ho fekk sjå dottera i avisa. Sara og Ole Gunnar kunne fortelje at dei båe skal byrje på skulen til hausten. Alle tre gledde seg på solfesten som snart skulle byrje. Kva skjer på solfesten då? Då skal me ha bolle, smilte Emma. Men før bollane skulle dei danse. Noko jentene såg fram til.

Soldansen

Alle borna la seg på magen utover eit stort golv. Dei var blomar som sov om vinteren. Ei jente som heitte Ragnhild var utkledd som ei flott gul sol. Frå høgtalarane strøymde tonane frå Morgenstemning av Grieg. I byrjinga skein sola berre bitte litt. Etter kvart som ho skein meir og meir, vakna blomane til live. Gartnarane kom fram og gav dei vatn. Dansen enda med at blomane strekte seg frå topp til tå og var glade og nøgde. Etter soldansen sette borna seg ned og song fleire songar dei kunne om sola. Til slutt fekk dei danse nett slik dei ville til musikk. Nokre tok kvarandre i hendene og dansa rundt. Andre hoppa meir opp og ned. Det var tydeleg at ein del av borna likte godt å danse. Festen vart avslutta med fastelavnsbollar.

Rådhussamba

Hareid barnehage gjekk i karnevalstog heilt frå barnehagen og ned til Hareid rådhus. Der tok dei med seg karnevalsstemninga og sambasongen inn på rådhuset. Dei toga gjennom gangane i alle etasjane. Diverre var ikkje ordføraren der, men områdeleiaren for kultur, Oddbjørn Grimstad, fekk med seg opptoget. Så vende borna nasen mot barnehagen att.

Ein liten bonde toga inn på rådhuset med sambarytmar.
Karnevalstoget dansa og song seg gjennom gangane på Hareid rådhus.
Det var mange rose prinsesser i karnevalstoget. Men det var òg med klovnar, superheltar, sjørøvarar og ein bonde. Alle saman fekk dei plass inne på rådhuset.
Borna frå Hareid barnehage gjekk i tog til rådhuset.
Ein må trø varsamt ned trappene når ein har prinsessekjolen på.
Borna frå Hareid barnehage gjekk i tog til rådhuset.
Etter soldansen fekk borna danse slik dei sjølv ville.
Tarje, Eirik og Patrik sit tålmodige og ventar på at dei skal steppe inn som gartnarar i soldansen.