Det var ikkje få som ville bort til Knut Nærø å ta han i handa og gratulere han med dagen. Nærø og Idar Ulstein stråla om kapp nede i den mørke tunnelen. Denne dagen hadde dei sett fram til i tretti år. Dette er ein stor dag, sa Nærø opprømt. Dette er ein historisk dag, slo Ulstein fast. Idar Ulstein merka seg at skytinga og markeringa var lagt til Ørsta-sida. Det såg han på som eit teikn på at det er fastlandet som vil utover til øyane, ein tanke han tydelegvis likte godt. Alt blir lettare når fastlandet og øyane blir knytt saman på dette viset, meinte Ulstein. Ulsteinordførar Hannelore Måseide (Ap) meiner denne samanbindinga av fastlandet og øyane styrker heile regionen. Eiksundsambandet gjev lettare tilgang på fleire tilbod. Ikkje berre mangfaldet av arbeidsplassar blir større, men og mangfaldet av kulturtilbod og opplevingar blir lettare tilgjengeleg. Undervegs i denne lange kampen har me lært mykje. Det er utruleg kva ein kan få til i samla flokk. For distrikta er samferdsel veldig viktig. Eg vil seie at er det noko distrikta er avhengige av så er det samferdsel, samferdsel og samferdsel. Det neste som no må på plass er Kvivsvegen, melde Måseide. Det kunne Idar Ulstein seie seg samd i.

Takk til eldsjelene

Sjølv om Oskar Grimstad er styreleiar i Fjord1, meinte han at dette var ein stor dag. Han er òg styremedlem i Eiksundsambandet. Søre Sunnmøre er ein sterk region, dette vil forsterke det, meinte Grimstad. Dette er ein kjempedag for regionen. Det er ein milepæl. Med dette sambandet får me ein større arbeidsmarknad, meinte Willy Nesset (TvP). Han var der som fungerande ordførar for Hareid. Nesset og Grimstad meinte det var på sin plass å honnør til Knut Nærø og Idar Ulstein som har kjempe for dette sambandet så lenge. Det er flott med slike eldsjeler som har store visjonar som er avgjerande for utviklinga av regionen.

Idar Ulstein, Knut Nærø, Willy Nesset og Oskar Grimstad skåla i alkoholfri champagne.
Det var god graut, smilte fungerande hareidsordførar Willy Nesset. Her i lag med sandeordførar Jon Garen og varaordførar Gunnar Strøm i Volda kommune.
Knut Nærø og Idar Ulstein åt rømmegraut i lag før Nærø fyrte av den siste salva.
Mange journalistar ville ta bilete av Knut Nærø og få ein kommentar frå han.
Det blinka i mange hjelmar nede i Eiksundtunnelen. Det arbeider 140 stykke på anlegget, og prosjektleiar Pladsen gjekk ut ifrå at alle dei var med for å markere gjennombrotet. Elles var grunneigarar, representantar frå nærliggjande kommunar, Statens Vegvesen, Mesta, underentreprenørar og presse til stades.