Det ser ut til at det er populært med trulovingar for tida, skyt Birger Sunde ironisk inn, og dreg fram det tomme brettet frå hylla.

Ikkje ekte

Det var Barbro som oppdaga tjuveriet onsdag føremiddag, forklarar han vidare. Ho var siste person på jobb tysdag, og då var brettet fullt. Barbro fortel at ho selde eit par trulovingsringar tysdag ettermiddag, og såleis hugsar ho svært godt at brettet var fullt ved stengetid. Det var då eg skulle vise ein ny kunde utvalet vårt på onsdag, at eg la merke til det tomme stativet, kommenterer ho. Begge dei tilsette kan knapt fatte kor frekke folk kan vere. Men til alt hell har ikkje tjuvane fått med seg noko av verdi, ringane er nemleg utstillingsmodellar produsert i messing, og såleis ubrukelege å selje vidare. Eigentleg må begge dei tilsette le litt av opptrinnet, men dei håpar tjuvane kan levere tilbake tjuvegodset. Desse ringane er meir verdifulle for oss enn for tjuvane, seier Sunde med alvor i stemma. Han forklarar at dette er demonstrasjonsmodellar som viser kva dei har på lager.

Butikken intakt

Så langt har ikkje Sunde fått oversikt over om det manglar fleire gjenstandar frå butikken, men han tvilar på det. Eg trur ikkje vedkommande har hatt tid til å få med seg meir, det tek si tid å nappe fram alle ringane på eit slikt brett, konkluderer han. Og med tanke på at tjuveriet har skjedd i opningstida, med tilsette i butikken, er det avgrensa kor mykje ein klarer å få med seg.