Foto: Hans-Olav Rise

Det var ein gjeng som stod og venta på drosje som høyrde det knitra i passasjen mellom legekontoret og Nav. Dei gjekk bortover og såg at det brann i noko. Det synte seg at det brann i noko i lag med ein papirdunk av plast, inn mot ein vegg.

Dei fekk varsla politi og brannvesen. Drosjesjåføren kom berre nokre minutt seinare. Han fekk henta eit brannsløkkingsapparat og dei byrje slokke brannen.

Like etter kom den første brannbilen. Vitne seier at brannen vart større enn på biletet, så han med brannsløkkingskurs måtte til å slokke. Då hadde den blå dunken smelta og alt inni teke fyr og taket hadde byrja få flammar på seg. Dei fek sløkt det verste med brannslokkingsapparatet, før brannvesenet kom og sløkte resten.

Dette skjedde rundt halv sju i dag tidleg (sundag). Då Vikebladet Vestposten var i kontakt med politiet i halv-åtte-tida, var brannen heilt sløkt.

- Ikkje noko alvorleg, kommenterer politiet til Vikebladet Vestposten i dag tidleg. På ettermiddagen melder dei om at det er oppretta sak. Dei håper eit kamera har fanga opp kva som har skjedd.