Pengane fekk bein å gå på då Ulstein kommune avvikla det kommunale ølutsalet ... Foto: Anne Gry Eilertsen

I møtet kom Håkon Waage med spørsmål om kor stort samla tap Ulstein kommune hadde på avviklinga av ølmonopolet. - Er der vedtak om inndekking av heile eller delar av tapa, og når vil me få fram sak om inndekking av eventuelle udekte tap, ville høgremannen vite.

Ordførar Hannelore Måseide svara at papira er levert til skifteretten. Passiva og aktiva er om lag like store. KLP-biten på tilsette står att og blir på vel 100 000 kroner.

TVILTE PÅ OPPLYSNINGANE

Men Håkon Waage slo seg ikkje til ro med svaret frå ordføraren. Han hadde forfatta ei rad med oppfølgingsspørsmål han ville ha svar på, og desse har han sendt til ordføraren og rådmannen i Ulstein kommune.

– Eg finn det lite sannsynleg at opplysninga om kommunen sitt samla tap ved avviklinga av ølmonopolet kan vere korrekte, skriv Waage i samband emd dette. Han sakna saker der kommunestyret må ta stilling til inndekking av tap.

TAPT EIGENKAPITAL OG UTESTÅANDE LÅN

Waage viser til at selskapet ved starten av 2008 hadde ein positiv eigenkapital på 306 000 kroner. Desse kronene må vel kommunen rekne som tapte, meiner han.

- Aksjane i selskapet må ha vore bokført som eignelutar i kommunen sin rekneskap, og me kan vel ikkje avskrive ein aksjeverdi utan å gjere vedtak om inndekking, meiner Waage.

Han viser òg til at kommunestyret har gjeve selskapet eit lån på 270 000 kroner. Om ikkje lånet er betalt tilbake, må desse kronene òg reknast som tapt.

Waage meiner at kommunestyret òg må gjere vedtak om dekking av dette tapet, sidan lånet må ha vore bokført i kommunerekneskapen som eit krav.

FLEIRE UTGIFTER

Waage skriv vidare at Ulstein kommunale ølutsal har fått utsetjing med betaling av utbytte på 100 000 kroner. Etter det han skjønar har dette utbyttet aldri blitt betalt ut. Har utbyttet vore bokført som eit krav på selskapet, må kommunestyret gjere vedtak om korleis dei skal dekke inn avskrivinga av kravet. Etter budsjettreglane må det gjerast vedtak om budsjettregulering når ein budsjettpost fell vekk.

Til slutt nemner han at kommunestyret løyvde 136 000 kroner for å få ei ryddig avvikling av ølutsalet. Denne summen må òg reknast inn i tapet. Og om det er slik som ordføraren varsla at dei må betale 100 000 kroner til KLP-utgifter, kjem det samla tapet ved avvikling av selskapet på 900 000 kroner.

– Eg ber ordføraren og administrasjonen sjå på saka ein gong til og eventuelt korrigere opplysningane som vert gjevne som svar på spørsmålet mitt. Det er vel naturleg at kommunestyret blir opplyst om ein eventuell slik korreksjon, meiner Waage.