Gjerde er overtydd om at nok fysisk aktivitet og god helse heng saman. I eit brev til dei fem rektorane i grunnskulen i Hareid peikar ho på at dagens born sit meir og meir i ro, og at det derfor er viktig at både heim og skule stimulerer til fysisk aktivitet. I fleire kommunar har skulane gått saman om å få til opplegg der dei legg meir fysisk aktivitet inn i skuledagen innanfor dei timerammene som er gitt. Dette har gitt gode resultat også når det gjeld ro og læring i timane der andre fag enn fysisk fostring er tema, skriv Gjerde. Ho ønskjer derfor ei drøfting med rektorane om dette, og om skulen i Hareid kan få til et opplegg der ungane blir meir stimulerte til aktivitet.