Rolls-Royce-konsernet har no om lag 100 av sine tilsette plasserte i Ålesund, melder NRK Møre og Romsdal. Teknisk direktør i Rolls-Royce Marine, Gunnar Nyland, seier dei oppretta si nyaste avdeling i Ålesund fordi dei ønskte høgt utdanna ingeniørar. Desse er ein viktig kapital for verksemda vår, og det er ei ærleg sak at mange av dei krev meir enn berre ein jobb, seier Nyland til NRK. Dei fleste har høgt utdanna ektefeller eller sambuarar, og i Ålesund er det stort sett lettare for desse å skaffe seg ein jobb. Det er ikkje berre Rolls-Royce som satsar i Ålesund. Odim ASA og Aker Yards er begge selskap med anlegg og verksemder sm ligg litt utanfor dei tettast folka områda. Både Odim og Aker har dei siste åra oppretta avdelingar i Ålesund som ikkje er direkte tilknytt produksjonsstadene, og leiinga ved begge bedriftene hevdar det er langt lettare å rekruttere tilsett til jobbar der. Gunnar Nylund i Rolls-Royce ventar denne utviklinga vil halde fram. Så lenge arbeidsmarknaden er så pressa som no, vil selskapa strekkje seg lang for å skaffe seg ingeniørar, forklarer han.