Kommunen ville delta i den retta emisjonen, og kjøpe dermed aksjar. Men politikarane meinte tilrådinga frå rådmannen om 50.000 kroner var for puslete.

Hareid Fastlandssamband ber om minimum ti kroner for kvar innbyggjar. Difor gjorde Ivar Mork, på vegner at Ulstein Arbeidarparti, framlegg om å sette opp summen til 100.000 kroner. Det bad resten av partia i kommunestyret om å få vere med på, så det vart eit fellesframlegg. Det var heilt i orden for Arbeidarpartiet.

Kommunestyret vedtok mot ei røyst, Jorun Overvåg (Kristeleg Folkeparti), å kjøpe aksjar i sambandet for 100.000 kroner. Pengane tek dei frå driftsfondet.

– Eg forstår ikkje denne hallelujastemninga for dette sambandet, uttalte Overvåg frå plassen sin og hevda ho hadde prøvd å be om ordet, utan å få det.