«Gjerde-Eljas»-åttringen var heimehøyrande i Brandal, og det var «Gjerde-Eljas», Elias Jonson Skarbakk, som var styrmann om bord. Vêret hadde vore dårleg lenge, og torskegarna hadde blitt ståande nordafor Djupet i fleire dagar.
Eit forferdeleg vêr
Også 29. mars 1881 starta med dårleg vêr, men så kom det ei lita klaring. Nede på Skarbakken vart Gjerde-Eljas ståande og prate med karar frå eit anna båtlag som hadde bestemt seg for å ro ut for å tømme garna. Det har blitt fortalt at Gjerde-Eljas ikkje hadde lyst til å legge ut på sjøen, for han likte ikkje himmelbragdene. Men snart var heile mannskapet samla, og dei bestemte seg for å fare. Lars O. Brandal, som var mannskap på den andre båten, fortalde i ettertid at komne ut på fangstfeltet vart det eit forferdeleg ver. Dei fekk på segla, prøvde å gå klar Fausken og sette kursen mot Breisundet og Brandal igjen. Komne eit lite stykke på veg, såg dei Gjerde-Eljas-åttringen ligge og drage garna. «Me ropte til dei «kom no», og me fekk til svar at dei var snart ferdige».
Vinden voks, åttringen fekk tre brotsjøar innover seg – og det var tjukk snøkave heile tida. Men dei kom seg velberga til Brandal.
– Når dei ikkje er komne no, så kjem dei ikkje meir
«Me var ute og såg etter Gjerde-Eljas-åttringen, om dei var komne inn i utfaret. Men nei. Ein time etter var me ute på trappa og såg etter dei igjen. Det var ingen ting å sjå. Då sa far: Når dei ikkje er komne no, så kjem dei ikkje meir».
Flytta frå Ulstein til Røyset
Om bord i Gjerde-Eljas-åttringen var det sju menn. Ein av dei var Sevrin Ulstein Røyset, fødd i 1837. Han dreiv først farsgarden på Ulstein, bnr. 5, men syntest jorda der var for skrinn, og kjøpte i 1877 eit bruk på Røyset. Han var gift med Anne Elisabet Jensdatter Ulstein. Paret fekk sju born. Sevrin fekk berre fire år på Røyset. Eldste sonen, Johan, var 17 år då faren omkom. Då måtte han ta over gardsdrifta. Yngstebarnet Oluffa var berre tre år då Sevrin drukna.
Matskrinet vart plassert på stabburet
Håvard Alvestad og Sigmund Røyset er blant tippoldeborna til Sevrin Røyset.
Håvard Alvestad, son til Konrad og Halldis (f. Røyset) vart svært forbausa då søskenbarnet Sigmund, som i dag driv garden på Røyset, fortalde han om tippoldefaren som kom vekk på Gjerde-Eljas-åttringen og matskrinet hans, som har stått i eit stabbur på garden sidan i april 1881. – Eg har blitt fortalt at matskrinet vart funne i fjøra på Flø ikkje så lenge etter forliset, og at det skal vere det einaste sporet som dukka opp etter Gjerde-Eljas-åttringen, fortel Sigmund.
Historia om skrinet på stabburet har gått i arv gjennom generasjonane på Røyset, men det har vore snakka lite om forliset.
– Det står ikkje noko namn på skrinet, men fiskarane hadde kvar sine matskrin, alle handlaga, og eg reknar med at det var enka Anne som kunne fortelje at dette var skrinet til Sevrin. Det vart i alle fall levert på garden her, seier Sigmund.
– Eg visste ikkje at eg hadde ein tippoldefar som kom vekk i eit åttringeforlis, følgjeleg visste eg ikkje om skrinet, heller, kommenterer Håvard Alvestad. Han synest det er ei spennande historie å fortelje vidare til etterkomarane sine.
Det har blitt fortalt at kona til Gjerde-Eljas – og mange av dei andre konene også – i fleire dagar gjekk og såg om åttringen ikkje snart skulle runde Kvitneset. Men det einaste sporet som rak i land var altså matskrinet til Sevrin Røyset.
*
Artikkelforfattaren har sjølv ein tippoldefar som kom vekk på Gjerde-Eljasåttringen. Lars J. Teigen Hareide, fødd i 1848, var med sine 33 år den yngste om bord. Han var gift med Larentse Olsd. Ulstein, og paret hadde fem born i lag. To år seinare gifte ho seg opp att med Anders Alme, og fekk 4 born med han.
Trygdeordningane var fråverande, og det vart tøffe tider for enkene og borna som sat att.
Kjelder: Elias Brandal, Adolf B. Brandal, Bygdebok for Hareid og Ulstein.
Desse omkom
Elias J. Skarbakk, f. 1832 gift, 6 born
Sevrin Røyset, f. Ulstein i 1837, gift , 7 born
Magnus Brandal, f. 1830, gift, 1 barn
Sivert S. Brandal, f. 1826, gift, 8 born
Lars J. Teigen Hareide, f. 1848, gift 5 born
Olavius B. Røyset, f. 1833, gift, 7 born
Hans I. Hareid, f. 1820, gift, ingen born