Like før helga kom det melding om at rådhuset var friskmeldt, men måndag ettermiddag kom det nye opplysningar frå rådmann Ragnhild Velsvik Berge. Det er funne asbeststøv i eit av romma på utleigedelen av bygget. Denne delen av bygget har eigen inngang, og er adskilt frå sjølve rådhuset.
Ho opplyser til Vikebladet Vestposten at det er tatt mange prøvar, også av ventilasjonsanlegget og luftkvalitet. Det einaste som har testa positivt er på pauserommet på tannhelsetenesta. Rommet er no stengt av og nedvask vil bli gjort av erfarne fagfolk på området.
Etter nedvasken er utført vil det bli tatt nye prøvar.
Rådmannen opplyser om at Hareid kommune har eit tett og godt samarbeid med arbeidstilsynet, kommuneoverlegen og Polygon som er hyra inn i samband med prøvetaking og reingjering. Vidare oppfølging av prøveresultat og personell blir gjort i samråd med desse.
Les også: