Innan denne fristen må reiarlaget i Ålesund presentere til kreditorane ein berekraftig plan for økonomien.

I ei børsmelding tysdag opplyser Farstad Shipping at dei denne gongen har fått gjennomslag for ein formell «standstill»-avtale, noko som inneber at selskapet slepp å betale renter og avdrag.

Farstad Shipping har medan dei jobbar med å kome fram til ei løysing for å refinansiere selskapet, inngått ulike avtalar om gjeldslettingar, melder smp.no

Farstad har hatt ein "uforpliktande intensjonsavtale" med Siem Industries, som blant anna hadde som mål at Siem overtok kontroll i selskapet med ein garanti på ein milliard i ny kapital. Men rett inn i jula vart det klart at partane ikkje kom i endeleg mål med ei slik  refinansiering. Farstad og Siem har likevel halde fram med samtalar.