Prosjektet til Ulsteinvik-baserte Ulsmo er på 150 leilegheiter, fordelt på på seks blokker. Høgaste blokka er på 14 etasjar.
Områdeplanen er godkjent, og detaljreguleringar vart godkjent i plan- og bygningsutvalet for kort tid sidan. Gangen vidare er at saka til til avgjerdsle i bystyret i månadsskiftet januar/februar.
Utviklinga av området på Volsdalsberga skjer i samarbeid med Ålesund Kommunale Eiendom, fylket ved Ålesund vidaregåande skule og Ålesund Fotball.
Etter ei godkjenning i Ålesund bystyre, vil Ulsmo starte arbeidet med å lage ein utbyggingsavtale med Ålesund kommune.
Det er stor interesse for prosjektet, og vi merkar at det er mange som ventar på akkurat dette prosjektet, seier Christian Young, leiar for bustadutvikling i Ulsmo Eiendom, til Nett.no.
Ulsmo Eiendom har også eit leilegheitsprosjekt på 33 leilegheiter under oppføring i Sjursåkeren på Blindheim i Ålesund.
Young opplyser at 55 prosent av leilegheitene der er selde.