Hausten er her, og legesentra byrjar å få telefonar frå folk som vil ta vaksine mot sesonginfluensa. Men legesentra i Hareid og Ulstein har førebels ikkje noko vaksine å tilby.

Folkehelseinstituttet melder om at årets vaksine Vaxigrip er forseinka til Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Vaksina kjem til Ulstein tysdag 24. oktober og til Hareid onsdag 25. oktober. Så ingen får vaksinert seg før det.

I Ulstein blir det vaksinering mot insluensa på helsestasjonen på Reiten torsdag 26. oktober og tysdag 31. oktober. Dei dagane er det berre å stikke innom for å vaksinere seg, det er ikkje timebestilling.

Folkehelseinstituttet anbefalar vaksine til:

• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester).

Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurdere vaksinasjon.

• Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim.

• Alle frå fylte 65 år

• Barn og vaksne med: ◦ diabetes type 1 og 2

◦ kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt

◦ kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

◦ nedsett immunforsvar

◦ svært alvorleg fedme (KMI over 40)

◦ annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.