Diana Moldskred:

Moldskred tok til som dagleg leiar ved Hotell Ivar Aasen i Ørsta 2. oktober. Havila Holding ved Per Sævik kjøpte hotellet av Sparebank 1 Søre Sunnmøre i vår.

– Det er eit stort pluss at hotellet har eigarar frå regionen vår. Dei både ser potensialet, og er villige til å utvikle hotellet vidare, slår Diana Moldskred fast.

Større satsing lokalt

Ho fortel at det ligg føre positive planar for den vidare drifta av hotellet.

– Hotell Ivar Aasen har tydeleg forsømt det lokale ansvaret sitt. No skal det satsast sterkare på innbyggarane. I tillegg skal vi satse både på kryss og tvers når det gjeld reiseliv og næringsliv. Eg ser føre meg at vi skal skreddarsy opplegg for gjestane våre, og vi kjem til å utvikle både tradisjonelle og spennande tilbod.

Ho meiner Ørsta, med fjordar og flotte fjell, er eit godt utgangspunkt for turistar.

– Gjestene kan bu ved Hotell Ivar Aasen og ta dagsutflukter til Loen Skylift, til Runde, Ålesund, Ulsteinvik og Hareid. Sunnmøre har flott natur, og med litt fantasi kan vi sprenge fleire grenser, seier Moldskred.

Samarbeid med Thon Hotel Fosnavåg

Havila er også inne på eigarsida i Thon Hotel Fosnavåg, og Moldskred opplyser at Hotell Ivar Aasen kjem til å inngå eit samarbeid med Thon i Fosnavåg.

– Men vi kjem ikkje til å vere under same logo som Thon. Vi skal utvikle vår eiga merkevare under logoen til Hotell Ivar Aasen, understrekar ho.

Ho poengterer at Hotell Ivar Aasen også vil samarbeide med andre hotell i regionen, dersom det er opning for det.

I mange år vart «Fuglen», i kjellaren ved det som tidlegare heitte Viking Fjordhotell eit kjent omgrep i Ørsta og omkringliggande bygder. No vil Moldskred blåse nytt liv i «Fuglen», som no har lege stille i fleire år.

– Fuglen skal kome tilbake. Vi er no i dialog med «Musikk i sentrum», og planen vår er at her skal bli visekveldar, popkveldar og andre musikalske kveldar. Satsingsområdet vårt blir i aldersklassa 0 til 100 år. Viss nokon har idear er det berre å ta kontakt, seier Moldskred.

75 rom

Hotellet i Ørsta har mellom 70–75 rom, og store konferansesalar som gjer at dei kan femne om store konferansar og selskap. Hotellet har nærare 30 tilsette, og ifølgje Moldskred har dei gjort ein stor innsats med å få på plass nye tilbod.

No står både «viltaften» og julebordsesongen snart for tur.

Busett på Hareid

Diana Moldskred er busett på Hareid, men har i eit år vore dagleg leiar ved Sanderstølen Hotell i Valdres. Før det var ho nærare 10 år senterleiar ved Blåhuset i Ulsteinvik. Ho har også røynsle frå hotell- og restaurantbransjen i Oslo.

Første dag på jobb: Diana Moldskred hadde sin første dag på jobb som dagleg leiar ved Hotell Ivar Aasen i Ørsta 2. oktober. Her saman med soussjef Alice Follestad og servitør Elena. Foto: Privat