Ei av sakene som skal til handsaming i Hareid formannskap tysdag 3. oktober er felles NAV-kontor for Hareid og Ulstein.

Politisk og administrativt nivå i Hareid og Ulstein kommunar har gjennomført drøftingar med NAV Møre og Romsdal, med sikte på ei eventuell samanslåing av dei to NAV-kontora i kommunane.

Det ligg føre eit avtaleutkast om samarbeid om felles NAV-kontor mellom Hareid kommune og Ulstein kommune med Hareid som vertskommune. Rådmannen rår til at Hareid kommune godkjenner avtalen.

Samarbeid på fleire tenesteområde

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv i saksutgreiinga at det gjennom arbeidet med kommunereforma utvikla kommunane ein konsensus om å bygge vidare på kommunesentra. Interkommunal samhandling breier om seg, og tema om funksjonsfordeling er sentralt. Hareid og Ulstein kommune har samarbeid på fleire tenesteområde. I det siste har samarbeid om brann og PPT vore oppe, og i begge tilfelle er administrasjonen av tenestene lagt til Ulsteinvik.

Nytt helsehus i Hareid i løpet av 2019

- Administrativ og politisk leiing i begge kommunane er samde om at når det gjeld NAV er dette ei teneste som kan leggast til Hareid. Eit alternativ kan være i det nye Helsehuset. Dette er under planlegging/utbygging, med ferdigstilling i løpet av 2019, utan at dato for dette er tidfesta pr. dags dato. NAV Hareid og Ulstein har nyleg tilsett ny felles leiar, og det ideelle er å samlokalisere drifta snarast råd. Dette har ein økonomisk konsekvens, står det i saksutgreiinga.

Mellombels driftsfase ei utfordring

- Utfordringa vil i første rekke ligge i den mellombelse driftsfasen. Dei påtenkte lokala for det nye NAV-kontoret er ikkje venta ferdigstilt før hausten 2019, medan etableringa av det nye felles NAV-kontoret kan bli ein realitet allereie frå 1. januar 2018. Begge kommunane er dessutan inne i langsiktige leigekontraktar i sine noverande leigeforhold. Såleis kan det ligge an til at begge kommunane og NAV, vil få kostnader til tomgangsleige dersom ein samlokaliserer frå etableringstidspunktet. Og sidan mulegheita for mellombels samlokalisering i Ulstein er til stades og fleire argumenterer for at samlokalisering på tidlegast muleg tidspunkt vil vere ein kritisk suksessfaktor, vert det aktuelt å gjere ei utgreiing av dette, med sikte på snarleg avtaleinngåing, skriv rådmannen.

Dei lokale NAV-kontora har både statlege og kommunalt tilsette. Del statleg/kommunalt tilsette vil variere mellom dei ulike kontora og NAV og kommune deler såleis på mellom anna husleigekostnader etter ei fordeling som er avtalefesta mellom NAV og dei aktuelle kommunane. NAV er på denne måten tungt inne i dei fleste husleigekontraktar som ligg føre på tenesteområdet.

Det vert såleis tre partar som skal dele på dei framtidige husleigekostnadane, tomgangsleige i ein eventuell mellombels driftsfase, samt på alle kostnader relatert til endring av lokasjon.

Men samla sett vil rådmannen i Hareid tilrå at NAV-kontora i dei to kommunane vert samanslegne frå  1. januar 2018.Samarbeidet skal skje etter vertskommuneprinsippet med Hareid som vertskommune. Ein arbeider for ei mellombels løysing i NAV sine eksisterande kontor i Ulstein kommune.