– Eg la raskt merke til at Kaja hadde sterk og god musikalitet allereie då, seier Osnes.

Songpedagogen tek imot lokalavisa på undervisningsrom 6 på kulturskulen, der ho akkurat har starta songtimen med snart tolv år gamle Jonetta Sundgot Aarland. Dei to øver til adventskonserten som skal vere i kyrkja i november.

I dag er det «When you believe» frå Disneyfilmen Prinsen av Egypt det skal øvast på: Kari ved pianoet, Jonetta ved hennar venstre side. I originalversjonen er dette ein duett med Mariah Carey og Whitney Houston.

Det var slik det starta også for Kaja Rode, som no er komen langt i The Voice.

– Eit naturleg talent

Tidlegare denne dagen fortel Kari Aske Osnes at ho møtte Kaja Rode då ho gjekk i sjuande klasse.

– Då vart ho med på ein øve-CD eg laga til barnehagane rundt her.

Då Kaja starta på ungdomsskulen, fekk Kari henne som songelev på kulturskulen. I tillegg til sterk musikalitet la songpedagogen merke til eit anna talent.

– Kaja hadde eit svært naturleg talent for songteknikk. Og så var ho alltid så positiv og arbeidsvillig, difor kunne eg gjen henne mange oppgåver og utfordringar, fortel Osnes.

Mykje på scena

For kulturpublikummet i Ulsteinvik er Kaja Rode eit kjent ansikt og ei kjend stemme. Ho fekk god trening i å opptre, gjerne saman med Marte Barstad, som også var songeleven til Kari Aske Osnes.

– Eg trur begge hadde mykje glede av det, seier Osnes.

Til Vikebladet Vestposten seier Kaja Rode at det var veldig gøy å få vere med på mange konsertar då ho budde i Ulsteinvik.

– Konsertane gjorde faktisk at eg fekk lyst til å gå vidare med musikken, og at eg difor valde musikklinja på vidaregåande, seier Rode.

– Skal stemme

Tilbake i undervisningsrommet på kulturskulen er lærar og elev i ferd med å få dreisen på både tonar og tekst.

Jonetta og Kari møtte kvarandre første gong for fire år sidan, då Jonetta vart med i koret Lakris.

Jonetta Sungdot Aarland veit godt kven Kaja Rode er.

– Ja, eg har sett henne på The Voice. Og eg har stemt på både henne og Karina, fortel ho.

Karina Pieroth, også ho frå Ulsteinvik, rauk ut frå songkonkurransen sist fredag, trass ivrig røysting frå både Jonetta og mora.

– Ja, eg må også få nemne at eg tidleg la merke til Karina si vakre stemme. Eg har følgt med på både henne og Kaja, då dei valde å gå vidare med musikken. At dei vart med i The Voice håper eg kan gje dei ei fin oppleving vidare med musikken, seier Kari Aske Osnes.

No lovar både ho og Jonetta å sitje klar når Kaja Rode skal synge i det direktesende programmet fredag:

– Ja, gjett om vi både sjå på OG stemme, seier dei.