Då levekårsutvalet denne veka skulle ta stilling til kor mykje pengar Ulstein kommune skal løyve til turveg frå Breifjellet til Årdalen, spurte utvalsleiar Trond Berg (KrF) om dei kunne vedta tilrådinga frå rådmannen.

Rådmannen rår Ulstein kommunestyre til å godkjenne ei investeringsramme på 300 000 kroner. Anlegget skal finansierast med 150 000 kroner i gåver/tilskot og 150 000 kroner i spelemidlar. Ulstein kommune forskotterer spelemidlar fram til dei blir utført.

Alt vedteke

Turvegen ligg alt inne i kommuneplanen for idrett og fysisk aktivitet, så utvalet skulle ikkje drøfte om turvegen skal byggjast eller ikkje. Det var investeringsramma som var oppe til debatt.

Kommuneadministrasjonen har henta inn tilbod frå tre entreprenørar. Aurvoll &Furesund vil gjere jobben for 297 000 kroner, og vil få tildelt oppdraget.

Usikker på pengebruken

Utvalsmedlemene var samde om at det er god folkehelse å byggje turveg. Trond Berg meiner me er heldige som har fått på palss så mykje turvegar, der ein legg til rette for at fleire kjem seg ut i naturen. Det er god folkehelse.

Mariette Gjerde (Frp) synest også dette er eit godt tiltak for folkehelse. Ho håpar kommunen ikkje får noko ekstrerekning frå entreprenør.

Marianne Breivik (Ap) synest det er fantastisk å sjå kor mange som nyttar turvegane i kommunen og kjem seg ut på tur. Her er både natur og turvegar.

Trond Berg meiner kommunen har hatt gode erfaringar med Aurvoll & Furesund og trur ikkje arbeidet vil by på overrasksingar. Men det er viktig at dei er forsiktige med pengebruken i kommunen. Rådmannen har meldt frå om overskridingar i budsjettet, og innført innkjøpsstopp, tilsettingsstopp og vikarstopp ut året. - Kan me vedta dette då, spurte han.

Det meinte ordførar Knut Erik Engh (Frp) at dei kan. Levekårsutvalet gir si tilråding, så skal saka til formannskapet (17. oktober) før ho blir endeleg vedteke i kommunestyret. – Om ho går igjennom heile vegen er litt tidleg å seie.

– Ja, det er eit godt tiltak. Men me veit det er utfordringar med økonomien til dagleg drift som me har ansvar for, sa Berg og viste til skule, helse og omsorg. Han var usikker på om det er rett å løyve 300 000 til turveg no, pengane kan kome godt med til skule om omsorg.

Breivik oppfatta det ikkje som denne turvegen vil koste kommunen noko, det er meir snakk om å låne ut pengar til tippemidlane og gåvemidlane kjem inn.

Berg svara at det uansett er ein risiko. Ein er ikkje garantert at det kjem inn 150 000 kroner i gåver og tilskot. At kommunen løyver pengar til dette vil gå utover likviditetskassa i kommunen.

Deretter slutta dei samrøystes opp om tilrådinga frå rådmannen om å godkjenne ei investeringsramme på 300 000 kroner.