Nordhordland vart for sterke i straffekonkurransen, og vann den 4-2 etter at to Høddspelarar ikkje klarte å setje ballen i mål.  Dermed vart det fjerdeplass til Høddjentene i årets Norway Cup.

Det stod 1-1 etter fulltid. Begge måla kom tidleg i første omgang.  Nordhordland skåra først, før Høddspelar Cecilia Bakke la ballen kanon i mål etter eit hjørnespark. Det vart ikkje fleire mål i den første omgangen, så stillinga var 1-1 ved pause.  Kampen var svært jamspelt i den første halvdelen.

Det vart spennande i andre omgang.  Stillingskrig og kampen kunne bikka begge vegar, men ingen av laga klarte å skåre.  Skåringar vart det heller ikkje i dei to ekstraomgangane og dermed må bronsefinalen avgjerast på straffer.

Fredag vart det tap for Hødd i semifinalen mot Tiller.

Hødd kom til semifinalen etter ein dramatisk kvartfinale som måtte avgjerast på straffer.

Bronsefinalen vert spelt på Ekeberg i eit langt finare ver enn semifinalen- då var det regn og torever.

Vi oppdaterer denne artikkelen fortløpande.