Områdeleiar for kultur i Hareid kommune, Oddbjørn Grimstad, har tru på at det kan bli spel i 2009. Men då må arbeidet med speleplassen kome i gang i år - medrekna tilsåing. Det ligg føre planar om å bygge eit permanent amfi med plass til 6-700 menneske på kommunen sin grunn på Overåsanden. Ei prosjektgruppe med Sten Øvrelid, Vigdis Riise og Georg Grimstad som medlemer arbeider med planane for korleis speleplassen skal sjå ut. Plassen skal ligge i området mellom sjølve badestranda og gjerdet mot den tidlegare golfbana. - Vi håper å ha prospektet klart med det aller første. Og så vil vi søke om midlar frå fylket, seier Oddbjørn Grimstad. - Målet er å starte utbygginga i år. Får vi til det, og i tillegg greier å så til i år, skal vi kunne få spelet på plass i 2009. - Har kommunen sett av midlar? - Kommunen sette av litt pengar til sjølve prosjekteringa - og oppnemnde ei prosjektgruppe. Men dei har ikkje løyvt pengar til sjølve utbygginga. Planen er å få dette på plass ved hjelp av private sponsorar og fylket. I følgje kulturleiaren er såpass mykje av den bygningsmessige førebuinga på plass alt no, at ein kan starte å grave straks hareidspolitikarane har gitt den politiske godkjenninga.