Det melder styreleiar i Kvivsvegen AS, Svein Sunde, til Mørenytt. Statens Vegvesen signaliserer at det ikkje vil verte krevd ny politisk godkjenning, men den avgjerda er ikkje tatt enda. Det første som vil verte gjort på vegprosjektet er opparbeiding av vegfundament til den nye E39 mellom Kvivstunnelen og den nye tunnelen som skal gå vidare frå Kalvatn. Ein skal også byrje å førebu dei to tunnelane. - Det er gledeleg at det no etter 131 år endeleg ser ut til å verte byggestart, stadfestar Svein Sunde til Mørenytt.