Politi, ambulansar og brannbil kom raskt til staden - men kunne konstatere at det ikkje var noko alvorleg ulykke. Dei impliserte slapp unna med ein legesjekk. Politiet fortel at det er snakk om brot på vikeplikta. Ein lys privatbil kom køyrande frå Hareid. I avkøyrsla like ved Ahlsell heldt ikkje føraren av ein mørk personbil vikeplikta - og tok seg inn på riksvegen.