Total-Bygg organiserer seg no for endå sterkare satsing på bustadbygging. Dagleg leiar Jostein Nedrelid fortel at dei allereie er ein stor bustadaktør i Ulstein og Hareid, men at det kan satsast endå meir ved å omdisponere ressursane for å kunne gå tyngre inn i bustadmarknaden. Difor vel dei å leggje ned byggvarebutikken i Hjørungavåg frå nyttår.
Opplever auke
Nedrelid fortel at dei opplever ei auke i behovet for nye bustader i Hareid og Ulstein, og at konkurransen vil bli knallhard framover.
– Det er nødvendig å ta tidlege grep for å bli endå meir konkurransedyktig, seier Nedrelid, som presiserer at ingen vil miste jobben i omorganiseringa.
Han legg til at nedlegginga av byggvarebutikken skuldast auka omsetnad og aktivitet som krev meir plass og ressursar.
Lei seg for nedlegginga
Avslutningsvis fortel Nedrelid at han er lei seg for at så mange trufaste butikkundar no blir borte, men at dei ynskjer seg så mange som mogleg tilbake som huskundar.
Total-Bygg i Hjørungavåg har ni tilsette, og har ein omsetnad på 30–40 millionar kroner i året.