Fleire kundar tek el-tryggleik på alvor, og Ulstein Verft er ein av dei. Som eit ledd i det førebyggjande vedlikehaldet, utfører Tussa Installasjon jamleg termografikontroll på det elektriske anlegget på verftet, fortel Tussa på sine heimesider.

Termografi er teknologi som gjer at ein ser varmen som vert utvikla ved belastning og feil i el-anlegg. Ved å nytte seg av denne teknologien, oppdagar ein feil og manglar i ei så tidleg fase at ein ofte kan utbetre feilen før det utviklar seg til ei farleg og uønska hending.

Fokus på termografi

Mange ulike bruksområde

– Det fine med termografi er at kontrollen gjerast i sanntid, på avstand, og under normale driftsforhold, fortel DNV-sertifisert termografør Morten Lillenes i meldinga frå Tussa.

Lillenes meiner det er eit genialt verkty, og har mange ulike bruksområde. Vi kan også til dømes påvise skjult varme, finne lekkasjar, sjå tilstand og slitasje på mekaniske komponentar.

Vedlikehaldsleiar Rolv Bakke ser klart store innsparingar ved å oppdage feil før det utviklar seg til farlege og kostbare hendingar Foto: TUSSA AS