Strekninga frå Osneset til Flø er i kulturguiden til kommunane på Ytre Søre Sunnmøre skildra som "Opplevingslandskapet Osnes-Flø." Ulstein kommune har på ulikt vis arbeidd med tiltak for å styrkje og sikre strekninga sin styrke og funksjon som opplevings- og turområde. Eit tiltak har vore å skjerme delar for utbygging. Mjuke trafikantar har fått gangveg langs den nye Krushammaren til Halsen. Og det er gangveg langs vegen frå Skeide til Ulstein. Frå Gåsneset er det laga ein tursti til Roppane. Men det står att eit arbeid med å skilte fornminna så dei blir synlege for folk. Fire sentrale punkt Det er planlagt skilting og skjøtsel i fire sentrale punkt i fornminnerike området. På Oshaugen vil kommunen setje opp to informasjonsskilt. På den gamle kyrkjegarden på Ulstein vil dei mellom anna setje opp to informasjonsskilt om gravrøyser og mellomalderkyrkjegarden. På Gåsneset trengst d et eit skilt om gravrøyser. Og på Ytre Flø trengst det fire skilt om gravrøyser. Fleire av desse områda er spesifikt omtala i kulturguiden og avmerkte på kommunen sitt informasjonskart. I tillegg til skilting trengst det skjøtselsplan og skjøtsel/sikring av eit par objekt. Alle fornminna er i dag tilgjengelege anten til fots, sykkel eller med bil. Dei fire nøkkelpunkta som kommunen vel å leggje vekt på er kulturminne som er lett å kome til, òg for dei funksjonshemma. Nokre vil dei kunne kome nærme, andre vil dei berre sjå frå veg eller sti. På lag med Historielaget Historielaget har alt løyvd 40 000 kroner til prosjektet. I tillegg har dei vore med å samle inn underskriftene frå alle grunneigarane i området om at dei er med på prosjektet. Plassering av skilt skjer i samråd med dei aktuelle grunneigarane. – Historielaget ser at det er viktig at folk får kjennskap til fortidsminne og såleis lokal kultur, melder Aksel Hauge, leiar i Ulstein Historielag. Og for å få fortidsminna fram i lyset er det ei god løysing å få opp gode og informative skilt. Informasjon om fortidsminna er viktige både for lokalbefolkninga i Ulstein, men òg for turisme. Om det er naudsynt stiller Historielaget gjerne på dugnad for å få opp skilta. Finansiering Prislappen det er budsjettert med er på 458 000 kroner. Prosjektet blir eit spleiselag mellom Riksantikvaren, Møre og Romsdal fylke og som nemnd Ulstein Historielag. Kommunen har òg søkt om SMIL-midlar (Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Og kommuneadministrasjonen oppmodar politikarane om å løyve inntil 50 000 kroner til tiltaket. Saka skal opp på møte i levekårsutvalet onsdag 3. juni, før ho går vidare til formannskapet og kommunestyret.
Nyhende →
Vil skilte kulturminna frå Osneset til Flø
Historielaget og Ulstein kommune meiner kulturminna og fornminna i kulturlandskapet frå Osneset til Flø fortener skilt, så dei blir meir synlege for folk.