Nyhende →
Aker Solutions blir den største aksjonæren i Odim
HAREID 2. APRIL 2009: Aker Solutions AS har kjøpt 33,0 prosent av aksjane i teknologiselskapet Odim frå Aker ASA og Aker Invest II KS. Aker Solutions, som dermed blir hovudaksjonær, har kontakta styret i Odim og signalisert at dei ønskjer å starte ein prosess for å identifisere synergiar og felles strukturelle mulegheiter mellom Odim og produkt- og teknologiselskapa i Aker Solutions.